Thursday, June 12, 2008

Foma varmepumpe :-(

Kjøpte ei Foma varmepumpe for eit og eit halvt år sidan, tenkte at det var økonomisk smart sidan eg kunne monterer den sjølv. Opp kom pumpa, modell 5600 virket veldig bra, hadde det varmt of fint. Men etter ein månad var slutta pumpa å varme, kjøling fungerte men i november foretrekker eg varme. Fekk etter litt styr tak i ein serviceman som sa at eg skulle sende pumpa tilbake, og eg skulle få ein oppgradert modell. Det gjorde eg fekk modellen 6300. Eg hadde då vore uten varmepuma i ca ein månad.

Eit år etter slutta denne pumpa og virke, og tenkte eg dei ordner vel opp. Eg ringde tre til fem ganger i veka til foma, som hadde oppretta eit eige selskap til varmepumpa si, foma energy save. Eg gjorde dette i ca 2 månader!!!!! Fekk heile tida beskjed frå dama som tok imot telefonen at det skulle ringe ein servicemann så fort som mulig. Dei hadde så mykje å gjere, så det er nok fleire enn eg som slit med desse pumpene..... Kanskje unødvendig å seie at frustrasjonen min, og etterkvart språkbruken var sterk. Når ein servicemann omsider kom, var han overraska over at pumpa hadde holdt eit heilt år!!! Det hadde vore problem med eit kort. Det var utroleg godt å få pumpa i drift igjen, men eg hadde brukt mykje meir ved og strøm desse månadane enn det eg gjorde året før. Fekk den såvidt igang før jul ifjor.

Men i april slutter min foma 6300 og produsere varme igjen :-(

Ringer igjen til foma energy save, får beskjed om å sende inn eit eigenmelding skjema. Det gjorde eg 23.04.08 klokka 10.26. Har eg fått hjelp??? NEI Purra ikkje på dei før 28.05 og 03.06 og nokre gonger til etter dette, men har fortsatt ikkje fått nokon til å sjå på min foma 6300.

Skal du ha deg ei varmepumpe, styr unna foma. Har ok varme når den virker, men det er slitsomt å få ordna noko. Det er tydeleg at servicefolka til foma har mykje å gjere...

2 kommentarer:

Halo said...

FOMA ES = 0 SERVICE !!!!

5 Tlf o/10min venting uten respons.
7 E-poster u/svar
Solgt av Coop OBS Vinterbro som fortalte FomaES tok all reklamasjon
og de kunne ikke gjøre noe.??
Har kontaktet Foma norge,som henviser til FomaES.
Har sendt 3 e-poster til Coop norge
uten respons.
Iriterer meg nå GRØNN over en varmepumpe som støyer og har ett frondt deksel som må tapes på !!
Har jobbet i over 20 år i elektro bransjen og ALDRIG hvert borti noe lignende.
HUSK SOM SLUTTBRUKER HAR DU 5 ÅRS GARANTI. Men er du smart hold deg/dere unna FomaES så kansje dere slipper dette.

Henning said...

Eg fekk pengane igjen av elprice der eg kjøpte pumpa. Selgeren vart som meg fly forbanna på servicen til Foma, og refunderte pengane. Foma er det største møkkafirmaet som finst i norge. Eg har blogga på vg blogg og om denne saken. har mellom 25 og 50 treff på den om dagen. Mange har skrevet det samme som halo her, håpøst å få hjelp. Det føles bra å kunne advare folk som vurderer foma. Dei er ikkje interessert i å hjelpe kundane sine, eller alle pumpene treng rep, og dei har ikkje ølkonomi eller tid???? Har kjøpt ei toshiba pumpe no, og er så langt fornøgd med den.